Bygg nettverk på Twitter

Det finnest inga garantert suksessoppskrift for korleis ein skal byggje relasjonar på Twitter – men ein kan lære av dei flinke og sjå kva dei gjer som verker over tid. Denne oppskriftsamlinga er nettopp det: Eit blikk på kva andre tilrår, gjer og får til.

  1. Skaff deg ein konto. Det er enkelt – og gratis! Ha eit bilde av deg sjølv (eller logoen til firmaet ditt) klart slik at folk kan sjå kven du er og kven du snakkar på vegner av. I biografien om deg kan du gjerne seie noko om akkurat det (kven du er og snakkar for) – spesielt viss dette er ein firmakonto.

    Profil
    Det er viktig å vere tydleg på kven ein representerer på Twitter – i alle fall når ein snakkar på vegner av ei verksemd.
  2. Følg folk! For å finne dei rette stemmene som har noko å melde som du er interessert i, kan du søke etter emneord som folk har tvitra om. Du kan også finne folk du kjenner til ved å søke på namnet deira. Når du har lagt dei til, kan du sjå på kven dei følgjer og kven som følgjer dei – kanskje finn du aktuelle folk også her. Innimellom bør du sjekke kven som følgjer deg og sjå om det er folk du bør/vil følgje tilbake.

    Followers
    Sjekk kven som følgjer deg – og følg dei gjerne tilbake!
  3. Få folk til å følgje deg: Del relevant innhald. Tvitre om ting folk bryr seg om. Legg til Twitter-namnet ditt i signaturen din på epost, visittkort etc. og legg tydleg lenke frå heimesida/bloggen din til Twitter-kontoen din. Du kan også byggje inn ein Twitter-feed på heimesida di.

    Feed
    Ein Twitterfeed på heimesida di kan vise dine tweets – eller tweets om eit bestemt emneord.
  4. Merk! Hashtags (#, emneord) på Twitter kan vi bruke til å gi det vi seier relevante emneord, og slik gjere det enkelt for oss sjølve og andre å finne att gode poeng og lenker.

    hashtag
    Med emneord, såkalla hashtags, kan du merke ei twitterutsegn. Du kan søke på slike emneord for å finne tweets som handlar om det same.
  5. Lister: Når du følgjer 3-4-5-600 personar på Twitter kan det fort bli uhyggeleg mykje å følgje med på, og mykje spennande kan gå deg hus forbi. Du kan lage lister kor du legg til utvalde folk/bedrifter, sortere listene etter emne og på den måten lett slå opp og halde deg oppdatert på det siste frå nettopp desse.

    Lister
    Du kan lage deg lister for ulike tema og leggje til folk du vil følgje i listene. Gå inn på tannhjulet og vel Lister.
  6. Engasjer deg! Svar når nokon snakkar til deg. Kommenter andre sine innlegg. Ikkje kast bort tid og plass på hurrarop og trivialitetar, men kom med gode, innsiktsfulle kommentarar (ja da, det er lett å seie …) Du kan stille inn kontoen din slik at du får eit varsel når nokon nemner deg på Twitter, viss du ikkje er pålogga heile tida. For å svare nokon på Twitter trykkjer du Svar med pil mot venstre. Twitter vil då automatisk leggje til @brukarnamnet til den du snakkar med, slik at denne og andre skal kunne sjå kven du snakkar til. Svaret ditt legg seg under denne meldinga, slik at trådane framstår som ein samtale.

    Svar
    Trykk Svar for å starte ein samtale.
  7. Retweet – kva er det? Det er å gjenta det ein person seier slik at dei som følgjer deg også får sjå det. Du retweetar ved å trykkjer Retweet med to pilar. Retweet er bra når du følgjer folk eg ikkje følgjer, men ikkje så spennande viss du og eg følgjer dei same folka. Å retweete alt Jens Stoltenberg seier er ikkje lurt, han har så utruleg mange følgjarar at dei fleste av oss får med oss det han seier likevel. Retweet kan vere ein fin måte å gi kreditt for godt innhald på og for å pushe meldingar som ikkje så mange ser, men som mange kunne ha interesse for.

    Retweet
    Retweet betyr å gjenta nokon sin tweet til dine eigne følgjarar.
  8. Med deg over alt: Du treng ikkje sitje ved pc-en for å bruke Twitter, dei fleste smarttelefonar og lesebrett kjem med ferdig installerte appar for Twitter. Og synest du ikkje dei er spennande nok, finst det fleire du kan laste ned.
  9. For bedrifter: Set av ressursar til å bruke Twitter skikkeleg. Skal du drive kundepleie på Twitter må du syte for at det er folk på plass og svarar når kunden spør. Lag gjerne ein strategi for bruk av sosiale medium kor du definerer kva som skal seiast, kven som skal gjere det og kor ofte det skal skje.

Så kan ein jo spørje seg til slutt: Kvifor skal eg bruke Twitter? Er det ikkje veldig travelt og berre nok ein tidstjuv?

Her kjem den siste oppsamlinga  i dag – av utsegn frå ulike om kva verdi Twitter har for dei:

Kundesørvis

Stadig fleire bedrifter bruker sosiale medium til å byggje relasjonar til kundane sine og drive kundesørvis. Tanken er vel at det som hjelper ein kan hjelpe mange? Det går ofte bra, men sjølvsagt ikkje alltid. Likevel – her er ei solskinshistorie frå Christian Brostad om korleis Twitter redda han ut av ei knipe då adgangskortet til konferansen han var på i Austin, Texas vart borte.

Synleg

Ikkje alle bedrifter har tru på å rekruttere via Twitter, men stadig fleire arbeidsgjevarar sjekkar den sosiale profilen din før tilsetjing. Og stadig fleire arbeidstakarar gjer seg sjølve synlege og tilgjengelege via Twitter.

– Jeg kringkastet at jeg var ledig på markedet. I løpet av kort tid hadde jeg fått fem henvendelser. Responsen var langt større enn jeg hadde ventet, sa utviklar Øyvind Bø til Aftenposten etter at han i 2011 tvitra seg til ny jobb.

Demokratisk

– Det fine med Twitter er at det er svært demokratisk. Her er alle likemenn og ein treng ikkje noko spesiell tillating for å fyra av garde ei melding til ein maktperson, sa lokalavisjournalist og Twitter-dronning Esther Moe til Stavanger Aftenblad då ho i 2012 var nominert til heidersprisen Årets sosiale medienamn .

Marknadsføring

Ei undersøking viste nettopp at ratinga for tv-show går opp når sjåarane tvitrar om det (ikkje så overraskande, kanskje).

– We expected to see a correlation between Twitter and TV ratings, but this study quantifies the strength of that relationship. (Andrew Somosi, CEO of SocialGuide)

Når ut

– Jeg tror Twitter er en fantastisk mulighet til å spre informasjon om spennende prosjekter som foregår rundt i verden, spesielt drevet av unge. Det er derfor vi har valgt denne plattformen for nettopp å kommunisere med dem, sa HKH Mette-Marit til NTB om kvifor kronprinsparet har vald å bruke Twitter som kommunikasjonskanal (januar 2012).

Meeen …

Berre rosenraudt er det ikkje. Twitter kan vere ei god kjelde til informasjonsdeling og relasjonsbygging, både for einskildpersonar, bedrifter, media og kongelege. Men deler vi nok? Og høyrer vi etter på det som blir sagt? Jørgen Thune Johnsen, medievitar og informasjonskonsulent ved UiB, har undersøkt korleis Twittokratiet fungerer – er det slik at dei sterkaste meiningsytrarane på Twitter berre snakkar høgt til mange utan å lytte tilbake?

– Twitter har kanskje ikke en negativ innvirkning på demokratiet, men teknologiens demokratiske potensial ser ikke ut til å bli utnyttet, konkluderer Thune Johnsen.

Les heile innlegget, han drar fram nokre ganske interessante funn som ikkje nødvendigvis er skremmande eller avgjerande for om du og eg skal (halde fram med å) vere på Twitter, men som kan vere gode å kjenne til.

Bli med i samtalen

10 kommentarer

  1. Dette innlegget må jo være kjempegreit å ha om man vil ha litt hjelp til å starte opp på twitter, samt få nyttig info på de mest aktuelle funksjonene og bruk/definisjon av disse! 🙂

  2. Jeg tror mange er flinkere til å snakke på twitter en å lytte. Det er mitt inntrykk.

  3. Eg trur gjerne det gjeld både i sosiale medium OG i dagleglivet – i den grad ein skal skilje på dei to. Det er så utruleg mykje lettare å snakke enn å lytte, men eg trur dei som lyttar får mest igjen – alltid – trur ikkje du?

  4. Du får med så mange gode poeng, på en relativt kort og konsis måte. Det er mye å reflektere over når man skal benytte seg av Twitter og andre sosiale medier. Dette var god lesning:)

  5. Kjempebra oppsett – lett å lese og skjønner lett hva du skriver. Godt forklart om hvordan du skal bruke twitter:)

  6. Angående jobbsøking og Twitter: Denne artikkelen fra Aftenposten tar for seg jobbsøking via LinkedIn. En av de som er intervjuet mener blant annet at:
    «De sosiale mediene kommer til å utkonkurrere de tradisjonelle stillingsannonsene på sikt.»

    Dette kommer vel til å skape problemer for headhuntere og andre som lever av å koble sammen arbeidsgivere og arbeidssøkere ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *