fbpx

Dykk ned i HTML 5

HTML er eit språk som blir brukt for å byggje og strukturere nettsider. HTML så dagens lys i 1990 og har blitt utvida og revidert mange gonger sidan då. No blir det jobba med HTML 5,  som ein då forstår er den femte revisjonen av HTML-standarden. HTML 5 er ikkje ein ferdig utvikla standard enno, men WC3, som jobbar med dette, har ei målsetjing om å vere ferdige i 2014.

Så kvifor skal ein bruke tid på å lære seg denne standarden no – når ein ikkje veit om det ein lærer i dag er gyldig i morgon? For det er faktisk slik at ting blir tatt inn i standarden for så å bli kasta ut att fordi ein feks ikkje fekk den nytta av det ein håpte. Eller fordi det ikkje verka.

Men svært mykje av det som ligg inne i HTML5-standarden i dag er godt gjennomarbeida stoff, og ein del av det er allereie tatt i bruk. Sjølv om ein ikkje kan eller bør ta i bruk alle sider ved HTML5 per i dag, gjer ein altså lurt i å følgje med og førebu seg.

Kvifor treng vi ein ny standard?

Intensjonen med den nye HTML-standarden er det viktigaste, etter mi meining. Målet for utviklarane har vore å få eit språk som gjer publisering på nett enklare, slik at vi til dømes er mindre avhengige av tredjeparts utvidingar for å få nettsida til å virke. Det meste typiske eksempelet på ei slik forenkling er at ein får innebygd støtte for lyd og video med HTML5. I staden for at brukaren må ha ein avspelar installert på si maskin, eller at du må tilby ein avspelar hjå deg, skal ein kunne kode videoen rett på plass på same måte som ein i dag gjer med eit bilde:

<video src=»big_buck_bunny.mp4″ type=»video/mp4″>Her kan du sjå videoen min!</video>

Ikkje alle nettlesarane støtter dette enno, så enn så lenge må ein ha alternative løysingar for video. Og slik er det med ein heil del av det nye som kjem i HTML5.

Men spennande og interessant er det, og mange funksjonar er no så innarbeidde at det skal mykje til for at det forsvinn innan 2014. Det er derfor mykje å hente på å setje seg inn i og ta i bruk HTML5 no.

Vil du det, så er det mange ressursar til læring. Kurs og studium finst det ein heil del av, men det er også mange gode ressursar fritt tilgjengeleg på nett.

Her finn du ei liste over gode nettsider som handlar om HTML5:

  • HTML5 Rocks – innføring, videoar, diskusjonar …
  • Dive Into HTML5  – teori enkelt og godt forklart med mange gode eksempel. Anbefalast!
  • W3Schools – prøv ut HTML5 i praksis.
  • Can I Use  – sjekk kva nettlesarar som støttar dei ulike funksjonane i HTML5 og CSS3.
  • HTML5-test – test ut kva nettlesaren du bruker nett no støtter og ikkje

Tips til fleire mottas med takk!

Kjelder: Qross.no, HiST, HTML5 Rocks

Bli med i samtalen

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *