fbpx

Kven kan vi tru på?

NRK Beta
147 delingar og 175 svarinnlegg på ein post på NRK Beta. Ikkje alle forunt å ha så gode og lojale følgjarar!

Målet med denne bloggposten er å finne to bloggar som etter mi meining skårar høgt på  forventningsfaktorane truverde, gjennomsiktigheit, medverknad (openheit), rask respons og langsiktigheit (Clara Shih, 2011). Eg har vald meg ut bloggen til Cecilie Staude og NRK Beta.

NRK Beta er NRK si sandkasse for teknologi  og nye medium.  Bloggen har eksistert sidan april 2007 og har i alle år vore veldig, veldig gode på burkarinvolvering. Her har folk fått vere med på å seie meininga si om alle slags saker som bloggen tek opp og i tillegg har folk fått vere med og teste ut nye funksjonar og nye retningar som bloggen og/eller NRK vil ta.

Responstida på NRK Beta er rimeleg kort, og viss ikkje redaksjonen svarar fort, så finst det ei stor og lojal brukargruppe som kommenterer og svarar og gir meirverdi til oss lesarar.

Cecilie Staude er høgskulelektor på BI og underviser i mellom anna sosiale medium. Dermed må vi kanskje kunne ha høge forventningar til bloggen hennar også? Cecilie Staude sin blogg er først og fremst ein fagleg blogg, og då snakkar ho sjølvsagt med stort truverde.

Vi får innsikt i kvardagen hennar og det den måtte by på av faglege utfordringar.  Når ho skal på tv, så fortel ho om det på førehand og seier kva ho gleder og gruer seg til. I etterkant går ho kritisk gjennom opptaket og deler med oss kva ho var fornøgd med og kva ho ikkje synest er bra. Ho spør også innimellom etter lesaren si meining. Det ser ut til at ho har kort responstid på bloggen, men alle innlegga blir ikkje kommenterte i utgangspunktet. Cecilie Staude sin blogg starta i januar 2010, og det vil seie at ho no går inn i det fjerde året med denne bloggen.

Bli med i samtalen

4 kommentarer

  1. Syns det er skikkelig forfriskende at du skriver nynorsk! <3 Liker veldig godt at du har tatt med et bilde med informativ beskrivelsestekst. Vi får et fint innblikk i NRK beta bloggen her av deg, uten at det på noen måte blir tørt overhodet.

  2. Det er mykje å lære av å følge Cecilie Staude, ja. Og så er det mykje moro på NRK Beta – dei har vore ein favoritt lenge.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *