Måle med meining

Hurra! Hytteprosjektet vårt runda rett etter påske 500 likarar på Facebook, og no har vi over 600. Akkurat slik vi alltid har høyrd, dei første 500 er tunge å få tak i, etter 500 går det raskt oppover! Det kjendest godt.

Klapp på skuldra til oss sjølve for det, men kva har vi eigentleg oppnådd no? Sel vi fleire hytter, og sel vi dei fortare? Eller får vi meire medieomtale no? Er det fleire som finn annonsane våre andre stader?

Korleis kan vi eigentleg vite om vi har noko igjen for å bruke tid og pengar på sosiale medium? Jo, vi må vite kva mål vi har sett oss for aktiviteten vår, og så må vi sjå om vi oppnår det vi ønskjer. Å få mange følgjarar i sosiale medium er ikkje noka mål i seg sjølv, vi må ha ei plan for kva vi vil oppnå med relasjonane vi byggjer.

For eksempel:
Ståle Lindblad gir oss eit glimrande døme i bloggen sin på korleis Kværner ASA løyste dette i sin kampanje for å få fleire ingeniørar til å søke jobbar hjå dei. Kværner gav folk høve til å søkje stillingar via Facebook og dei brukte Facebook innsikt (som er gratis og tilgjengeleg for deg som er administrator på FB-sida) til å sjå om dei som følgde dei på Facebook i kampanjeperioden var folk i rett alder og frå rett geografisk område. Vidare fulgde dei med på om likarane på Facebook oppsøkte jobbsøkesida av Facebook og dei følgde med på om trafikken frå Facebook til heimesida deira gav resultat i form av fleire søkarar. Til det siste bruka dei Google analytics.

Relativt enkelt, relativt nøyaktig.

Kva
Det er ikkje alltid like enkelt å måle effekten av tid og pengar som blir brukt i sosiale medium, men Eirik Eskedal viser her til nokre område som kan eigne seg for måling.

– distribusjon: kor er vi representerte, kor mange følgjer oss og kor mange snakkar om oss
– interaksjon: blir sakene våre lest, delt, kommentert og likt
– påverknad: blir merkevara vår styrka av aktiviteten vår i sosiale medium
– aksjon: generer aktiviteten vår i sosiale medium salg/påmelding/nedlasting

Som Eirik Eskedal peiker på her, er dei to siste punkta dei som tydlegast seier om vi har noko igjen for å investere tid og pengar i sosiale medium.

Korleis
Det finnest også etterkvart nokre verktøy som kan hjelpe oss å måle.

  • Google analytics er ein sjølvsagt reiskap for å måle om aktiviteten i sosiale medium gir treff på heimesida di og kva det eventuelt utløyser der.
  • Facebook innsikt gir det det seier: innsikt i kven følgjarane dine er og kva dei likar hjå deg.
  • Program som HootSuite, Geckoboard, SproutSocial og TweetDeck lar deg i varierande grad overvake og samanstille aktivitene din på fleire av plattformane.
  • Feeds: Ein annan måte å overvake på kan vere å setje opp feeds på heimesida di som hentar inn tweets eller Instagram-bilde med dine hashtaggar. Det gir eit godt, visuelt bilde av aktiviteten, både for deg og for følgjarane dine.
  • Klout: Ønskjer du å måle kor mykje påverknad du sjølv har på omverda, kan Klout vere noko å prøve. Klout måler den personlege aktiviteten din i sosiale medium, ser på i kor stor grad det du gjer blir fanga opp og delt/kommentert av andre og serverer deg resultatet i form av ein skår frå 0 til 100.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *