Kvite kakemenn

Dette har de alltid baka i lag med far dykkar, og det er ein av dei gjevaste juletradisjonane me har!

Dette er også dei kakene de blir ete garantert mest av, så me har ofte baka dobbel porsjon.

  • 1/2 kg sukker
  • 1/2 l vatn
  • 25 g hornsalt
  • 25 g smør
  • 1 kg mjøl (ofte går det meir)

Smelt smøret og rør hornsaltet ut i dette. Det stinkar fælt, men det går over. Rør saman vatn og sukker + smør med hornsalt. Spe med mjøl til du får ein god men litt klissete deig. La deigen stå kaldt til neste dag, og ikkje ta han ut av kjøleskapet før du skal til å baka. Kjevla ut deigen med godt med mjøl og stikk ut kaker. Steik midt i omnen på 200 grader, ca 12 minutt. Kakene skal ikkje vera brune, men heller ikkje for kvite. Det kjem med erfaring å vita kva tid dei er akkurat perfekte.


Posted

in

by

Comments

Legg att eit svar