Slik farmor lagar dei!

Me bruker oppskrifta som står på delfiafeittpakken (men tar sjølvsagt vekk det som har med delfiakaka å gjera)
Oppdatert 3.12.17.
- 500 g delfiafett
- 500 g kokesjokolade
- 8 ss sterk kaffi (altså ferdig trakta/kokt kaffi)
- 4 egg
- 6 ss sukker
- 1 pose lys puffa ris
Lag eggedosis av egg og sukker.
Smelt delfiafeittet og avkjøl det litt (ikkje heilt, berre slik at det ikkje er rykande).
Ha kaffien i ei gryte, brekk opp sjokoladen og smelt den over middels til svak varme. Rør heile tida, slik at han ikkje stivnar.
Rør den smelta sjokoladen oppi eggedosisen (litt forsiktig) med ein gong. Rør godt saman.
Tøm litt og litt smelta delfiafeitt oppi røra og rør ut. Eg bruker ause og tar ei og ei ause av gongen.
Nå er røra ferdig. Då er det berre til å ta ei spiseskei og setja dette ut over ei steikeplate med bakepapir i små eller store bollar. Sett kjølig slik at dei stivnar. Så kan du ha det over i boksar som må stå kaldt. Viss du må legga risbollane i fleire lag, kan du godt ha matpapir mellom laga.
Legg att eit svar
Du må vere pålogga for å kommentere.