Dette kallar ein «hoveost» her på garden. For å laga det treng du stor gryte til svineknokane, former til hoveosten, kjøkkenklutar eller -handkle til å pakka sylta eller hoveosten inn i + nål og tråd. Har du form med press, treng du ikkje handkle og tråd.
- 3 svineknokar
- 1 ss stort salt
- 2 laurbærblad
- 5 heile peparkorn
- 1/2 stor lauk
Kok dette i 2,5 – 3 timar.
T av 1 liter av vatnet som du siler og kokar vidare ca 20 minutt.
Reinsk kjøtet av knokane medan det ennå er varmt. Riv kjøtet frå kvarandre. Få med litt feitt, men ikkje svor.
Krydderblanding:
- 3 ts ingefær
- 3 ts pepar
- 2 ts allehånde
- 2 ts nellik
- 5 ss salt
Rør saman krydderblandinga. Ta det opphakka kjøtet oppi ei gryte og rør inn krydderet og 7 dl kraft. Kok krafta godt inn (5-10 minutt). Legg handkle i forma og ta kjøtet over i handkleet. Bruk gjerne fiskeause slik at det ikkje blir med så mykje væske. Fyll opp forma. Klem ut sø og tøm det ut av forma (du må halda handkleet tett mens du tømmer). Sy saman handkleet, tett inntil kjøtet. Slå ut ev sø som kjem ut nå. Oppskrifta rekk til to former.
Sett sylta kaldt under press (feks ein oppvaskbalje med tunge syltetøyglas i) til neste dag. Pakk ut sylta og skjær kvar form i ca 3 stykke som du frys i matpapir og plastpose. Viss du ikkje skal gassa deg med sylte og lefse med rødbeter og sennep med ein gong da!
Legg att eit svar
Du må vere pålogga for å kommentere.