Her er den igjen, sirupstynnkake slik farmora mi laga den. Ho var frå Øvre i Rendalen, men budde på Otnes då eg vaks opp. Å få komma til Rendalen med jul og eta tynnkake og svenskekaker, det var tingen då eg var barn!
Slik lagar me sirupstynnkake:
Deigen:
1 kg smør
1 l vatn
1,25 kg kveitemjøl
Kok opp smør og vatn. Rør ut i mjølet til ein fast og fin deig. Sett denne kaldt til neste dag. Viss du vil kan du også laga smørninga dagen før, så er den klar til bruk.
Smørning/kosse:
2,5 dl fløyte (kremfløyte)
0,25 kg lys sirup
1 ts kardemomme (eller meir, smak på kossa)
Kok opp og avkjøl.
Lag handstore boller av deigen og klapp dei litt flate. Kjevle ut deigen til ein tynn og fin leiv. Steik på middels til sterk varme på takka. Snu leiven når den begynner å bli brunflekkete på undersida. Samtidig som du steiker leiven på den andre sida, smører du toppsida med smørningen. Smør godt over heile og ut i kantane og la det steika ei stund. Brett så leiven og press den godt saman. Ta leiven av takka når den ser ferdig steikt ut.
Press leiven godt saman og skjær han så opp i serveringsstykke. Oppbevar tynnkake i papir. Sirupstynnkake kan ligge lenge på lagring, så det er ikkje noko problem å laga den tidleg i desember og la den ligga (godt pakka) heilt til jula er over.
Kan også fint frysast – me frys tynnkaka i frysefolie med brødpose rundt.
OPDDATERING 2021: Når vi bare smør halve lefsa og brettar over, så får den lettare den sprø konsistensen me er så glade i.
Dette vart 2 pk a 14 bitar til tante, 2 pakkar til bestefar og 2 pakkar til oss + sirka ein halv pakke og avskjær til kaffekos heile helga.
Legg att eit svar
Du må vere pålogga for å kommentere.