Å koka blåskjell er superenkelt:
- Sjekk blåskjellvarselet viss du vil.
- Ro ut og hausta blåskjell. I vår svoltne familie kan 3 personar setja til livs 2 kilo blåskjell.
- Vask/skrap skjella reine. Riv også av den bustete muskelen som kjem ut av skjellet. Skjell som er opne kokar me ikkje.
- Kok/damp blåskjell i ei form for væske til dei opnar seg. Tar 5-10 minutt.

Sist me laga hadde me moules frites. Då hakka me ein lauk og blanka den i smør. Oppi gryta hadde me 2 kg blåskjell i 3 dl øl og 1,5 dl cider og let det koka til skjella hadde opna seg. Etterpå silte me av krafta og let skjella stå i gryta.

I ei ny gryte kokte me opp søet med 1,5 dl fløte og krydra med salt og pepar. Når søet hadde kokt i 5 minutt slo me den over blåskjella att.

Me steikte pommes frites i omnen (triste, tynne kjøpe-pommes frites, dessverre), og serverte dei med aioli til blåskjellsuppa.

Herlig!

Legg att eit svar
Du må vere pålogga for å kommentere.