Ristaffel

Dette er vår rett! Ris med karrisaus, kallar de han. Steike godt, det er me enige om. Her er det som trengst til 6 personar:

 

3-4 posar ris

1 lauk

1/2 pk trønderfår eller anna spekeskinke/salami

2 pk bacon

1 liten norvegia

sylteagurk

rødbeter

Til sausen:

3 ss smør

7,5 dl vatn

1-2 buljongterningar

1,5 ss karri

3 ss mjøl

3 dl matfløyte

salt og sukker

 

  1. Kok risen
  2. Kok egg
  3. Hakk lauken fint og blank den i litt smør. ha gjerne litt sukker i lauken på slutten.
  4. Hakk trøndefår i bitar
  5. Steik baconet
  6. Riv osten
  7. Skjær opp rødbeter og sylteagurk (me droppar ofte det, det blir berre så mykje rester att)

Lag saus:

  1. Smelt smør i ei gryte.
  2. Rør inn karri og mjøl.
  3. Spe med vatn med buljongterning. Kok forsiktig i 4 minutt.
  4. Ha i fløyte og kok 1 minutt til.
  5. Smak til med salt og sukker – og gjerne meir karri!

Når alt er klart: Forsyn deg med ris først, strø litt av alt tilbehøret oppå og topp det med karrisaus. Blandinga av det salte, det syrlige, det søte, og karrien … mmm!!!

IMG_4303 IMG_4302 IMG_4301 IMG_4300


Posted

in

by

Comments

Legg att eit svar