
Dette er vårrullens usteikte slektning. Du treng eigne ark til dette, dei er gjennomsiktige og ser ut som glasnudlar. Lag fyllet klart og fyll rullene med det du likar. Me bruker:
– Steikt småskore svinekjøt
– Kokte glasnudlar
– Wokka gulrot og vårlauk
– Agurk i lange skiver
– Steikte mandler eller peanøtter
– Sesamolje
Ta ei steikepanne (kald) og fyll med lunka vatn. Ha oppi eit ark, og snurr det rundt medan du tel til 15. Nå skal arket vera mjukt nok. Ta det opp og legg det på ein tallerken. Legg litt fyll i midten. Brett over ei side. Brett inn kantane og rull så saman heile rullen, så tett du klarar. Legg rullen til tørk med skjøten ned. Fyllet kan godt vera varmt/lunt. Rullane kan ligga ei stund, men ligg dei for lenge blir arket seigt og uapetittleg.
Server med hoisin-saus.
Legg att eit svar
Du må vere pålogga for å kommentere.