fbpx

Nettside eller app?

Å bruke html5 for å lage nettsider til mobil kan vere eit godt alternativ til å lage ein app:

  • den mobile nettsida di er lettare å oppdatere (oppdatering av app må godkjennast av Apple før du kan laste ned den nye versjonen, feks)
  • mange av funksjonane i html5 virker i dag på dei fleste nettlesarane, noko som gjer at du ikkje treng lage ei mobil side for kvar type mobil, slik du mange gonger må med ein app
  • å lage ei nettside for mobil kan vere billigare enn å utvikle ein app, mange vil kunne bruke heile eller deler av nettsida dei allereie har
  • ein nettside for mobil kan gjerast tilgjengeleg offline, slik appar ofte er

På den andre sida kan nettsider for mobil vere noko meir avgrensa i funksjonalitet. Meir om nettside vs. app kan ein finne t.d. i denne infografikken frå Mashable.

Korleis lagar ein nettside for mobil?

Det er mange vegar til Rom, og somme av dei er staka betre ut enn andre: Med rammeverket jQuery mobile framework er det eigentleg berre å setje i gong, her ligg det klart eit bibliotek som lar deg setje opp ei nettside for mobilen din relativt kjapt og greitt.

Nokre funksjonar i jQuery mobile framework:

  • Dei fleste sidene laga med dette rammeverket vil verke på alle nettlesarar
  • Du kan enkelt lage nettsider med tema som er klare til bruk, berre vel sjølv korleis du vil ha knappane dine, om du vil ha bars med runde eller kanta hjørner, kva fargar du ønskjer å bruke …
  • Responsiv design
  • God støtte for touch-hendingar
  • Tilgjengelegheit – her er lagt vekt på at sidene skal kunne fungere godt også for brukarar med særlege behov
Her er ein som vart laga som ei skule-oppgåve i haust: http://toyni.tobekk.no/oving6/mobilside.html
Denne vart laga i eitt dokument, men den var nok eigentleg i grenselandet stor – den kunne like godt vore i fleire dokument som her: http://toyni.tobekk.no/oving6/index.html

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *