Om å kommentere

Du les eit knakande godt blogginnlegg – eller eit som provoserer deg noko grenselaust – kor skal du kommentere det? Direkte i bloggen eller på Twitter?

Det spørs kva du vil oppnå og kva du vil seie.

Har du mykje på hjartet: i bloggen. Twitter tillet berre 140 teikn, og det er for lite viss du er skikkeleg irritert!

Vil du engasjere fleire: På Twitter. Del bloggposten på Twitter og sei gjerne i stikkordsform kva du meiner om saken.

Er ikkje bloggforfattaren på Twitter: Kommenter rett i bloggen, så er du i alle fall sikker på at du snakkar til rette vedkommande og gir dei ein sjans til å svare.

Er bloggforfattaren på Twitter. Del bloggposten på Twitter, sei det du meiner i stikkordsform, merk med @brukarnamnet til forfattaren og håp på respons der.

Gidd du ikkje følgje med på ei mengde bloggar for å sjå om du får svar: Twitter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *