RSS-feed – framleis interessant

Ein feed er ei mating av nyhende frå ein spesiell nettstad og/eller om eit spesielt emneord. Du kan abonnere på slike matingar for å halde deg oppdatert om ulike emne du jobbar med eller berre er oppteken av.

Eg abonnerer på nokre emne på ulike måter: I Google Varsel abonnerer eg på emneord som angår jobben min, slik at eg ein gong til dagen (det bestemmer eg sjølv) får ein epost med lenke til saker som tar opp emneorda mine denne dagen:

Google Varsel
Saker om språk er eg interessert i – og no får eg epostvarsel kvar dag om saker som tar opp dette emnet.

Eg bruker også Feedly til å abonnere på nyhende frå bestemte sider. Då får eg opp dei siste sakene frå sidene eg abonnerer på og kan fort skaffe meg eit overblikk og velje kva for nokre eg vil lese. Eg treng feks følgje med på når publiseringsverktøyet Joomla kjem i nye utgåver, slik at eg kan oppdatere sidene mine. No får eg varsel i Feedly kvar gong det kjem ei oppdatering:

Feedly
Gjennom Feedly får eg varsel når Joomla.org legg ut nye saker om oppdateringar eg treng.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *