Endre avsnitt i Word

avsnittEg bruker ein 2008-versjon av office for mac, og her er av ein eller anna grunn avsnitt-avstand etter linjeskift sett til 10pkt som standard. Eg har ikkje greidd å sjå kva rolle dette speler anna enn at det lagar ein unaturleg avstand mellom avsnitta som eg alltid må gå inn og redigera vekk etterpå. Men nå har eg endra standardmalen slik at eg slepp desse ti punkta, og det gjorde eg slik:

Opne eit worddokument, gå til Format og Stil. Pass på at Normal er vald i vindauget som kjem opp. Vel Endre.

I det nye vindauget som kjem opp: hak av for Endre mal. I same vindauge, nede til venstre: vel Avsnitt på rullegardinmenyen.

I det nye vindauget som då opnar seg: skriv 0 i staden for 10 i Avstand Etter.

Klikk Ok, Ok og Bruk. Slå av og på Word igjen, og nå skal det vera ordna for all ettertid.

 

Legg igjen en kommentar