Klar for Google analytics?

Google analytics er i dag eit av dei mest brukte anlyseverktøya for måling av aktivitet på heimesider. Analytics er gratis å bruke og det einaste du treng er ein Google-konto. Når du har lagt til heimesida di i Analytics får du ein liten javascriptkode du kan lime inn i html-koden på nettsida di, og så er det berre å vente ei stund og sjå kva som skjer.

 

Google analytics dashboard
Google analytics opnar med ein kjapp oversikt over statistikk frå siste månad.

 

Her er noko av det du finn i Google analytics:

Kor kjem dei som besøker nettsida di frå?

Stad i Google analytics
Målgruppe -> Demografi -> Sted: Her finn du kva land brukarane dine kjem frå. Går du lengre inn i kartet kan du kome ned på by-nivå.

Kvifor er det viktig? Er målgruppa di folk frå Vestlandet, er dette plassen å sjå om du faktisk når desse. Lokalisering kan også spele ein rolle for språket du bruker og måten du kommuniserer på.

Korleis fann dei deg?

Twitter og Facebook
Her ser vi kor mykje av trafikken som kjem frå Twitter og Facebook.

Kvifor er det viktig? Du bruker gjerne mange metodar for å generere trafikk på nettsida di. Her kan du sjå kva for nokre som gir effekt. Viss du bruker mykje ressursar på Facebook, men lite trafikk på nettsida kjem derfrå, må du gjerne revurdere ressursbruken. Eller angripe problemet på nytt.

Kva søkeord har dei brukt for å finne deg?

Søkeord
Trafikkilder -> kilder -> søk: Her finn du kva søkeord brukarane har brukt for å finne deg. Organisk søk = søk i Google, betalt søk = treff på søkeord i annonser.

Kvifor er det viktig? Her kan du sjå om søkeorda du bruker er dei som treff, eller om du må justere desse. Søkeorda bruker du gjerne også i annonsering i Google AdWords, og her kan du då sjå om dette er ord som treff rett.

Bruker dei mobil og nettbrett eller pc?

Mobil eller pc
Det er ikkje mange som bruker mobil for å surfe på denne nettsida.

Kvifor er det viktig? Innhaldet på nettsida di skal ikkje nødvendigvis presenterast likt for pc og mobil. Viss flesteparten av brukarane dine les nettsida di med mobil bør det påverke både korleis innhaldet blir presentert, plassering av annonser og ikkje minst kjøpsknappar. Igjen: det gjeld å sjå om det du satsar på er det rette, eller om du må justere deg.

Er dei fornøgde?

Bounce rate
Fluktfrekvensen er noko høg på denne nettsida.

Kvifor er det viktig?
Fluktfrekvens (bounce rate) er ein sak i Google analytics det kan vere interessant å sjå litt ekstra på. Kort forklart seier fluktfrekvensen noko om kor mange av dei som kom innom nettsida di i løpet av perioden som forlot nettstaden utan å klikke seg vidare inn. Ein høg fluktfrekvens kan tyde på at ikkje alt er som det skal med (landings)sida di, kanskje fann ikkje folk det dei kom for, kanskje er lenkene for utydelege, kjøpsknappen er ikkje der ein forventar å finne han, eller innhaldet stod ikkje til forventningane. Forklaringane kan vere mange, og ei landingsside som har høg fluktfrekvens kombinert med kort besøkstid kan det vere lurt å sjå nærare på. Men, og det er eit men, ei side med høg fluktfrekvens og høg besøkstid kan male eit heilt anna bilde: Her fann gjerne brukaren det han leitte etter, og viss føremålet med sida er at brukaren skal lese og oppfatte innhaldet, så kan tida som er brukt tyde på at han fekk gjort akkurat det.

Dette er berre eit lite skratsj i overflata, det finst så mykje meir du kan bruke dette analyseverktøyet til. Det viktigaste er at du har ei meining om kva målet med den einskilde sida er slik at du veit kva det er du skal måle.

1 Comment

Add Yours →

Legg igjen en kommentar