Me har ein plan

Marknadsføring av Ryfylke fjordhage er min jobb. Dette er tiltaka me har brukt så langt:

  • Annonser i Haugesunds avis og Stavanger Aftenblad (via meklar)
  • Annonser i Suldalsposten og Ryfylke
  • Finn.no (meklar legg ut)
  • Facebook
  • Instagram
  • Boligmesser
  • Google Ad Words
  • Nettside

Det er ikkje muleg å peike på ein av desse og seia at det er dette som funkar. Det er sjølvsagt summen av det. Men me slutta å stå på messer etter to år. Det kosta mykje, og me fekk ikkje ein visning som følgje av at me stod der.

Det me har nytt veldig godt av, er når avisene skriv om oss. Det er ikkje til å komma forbi: Det har stor verdi at avisene nemner oss i ein sak, nesten uansett i kva samanheng det er. Men dette styrer me i minst grad sjølve, så der må me berre takka og bukka når det skjer.

Av det me styrer sjølve er det absolutt Facebook som har vore mest nyttig. Me har Facebook-side, sjølvsagt, men me annonserer også mykje på Facebook i tillegg. Facebook-annonser treng ikkje kosta svært mykje, og du kan fininnstilla publikummet ditt til kjønn, alder og kor dei bur (eventuelt oppheld seg). Du kan også innstilla annonser etter kva interesser folk seier dei har på Facebook, men jo mindre geografisk område du vil annonsere i, jo mindre har det for seg. Du risikerer i verste fall å snevra inn publikummet ditt til ei handfull.

Nå har me, med god hjelp frå Suldal Vekst, lagt ein plan for marknadsføring dette året. Marknadsføringa skal retta seg inn mot eit lokalt publikum, først og fremst. Med lokalt meiner me indre Ryfylke. Me merker at det er alt for mange som ikkje kjenner til oss her inne kor me bur, og slik kan me jo ikkje ha det 🙂

Tiltaka i denne planen blir å:

  • Stå på stand på lokale arrangement i Suldal, Sauda og Hjelmeland
  • Retta Facebookannnonsene våre mot Ryfylke
  • Ha konkurransar på stand og eller Facebook, der gevinsten er ei rosa trillebår (som me, dvs først og fremst underteikna, svært gjerne kunne tenka seg å eiga sjølv!)
  • Gjera namnet Ryfylke fjordhage kjend i regionen ved å bruka logoen/namnet alle stader me kommuniserer (på bilen, mellom anna)
  • Engasjera oss ennå meir i lokalt nærings- og organisasjonsliv

Det siste er kanskje noko av det me har vore dårlegast på. Men med bonden i politikken og underteikna som journalist i lokalavisa, har det vore viktig å syta for at me ikkje har sett oss til på fleire sider av bordet. Når me begge nå er frigjort frå verv og jobb, står me friare til å dyrka også den biten av arbeidet vårt på garden og med hyttene, og me kan gjera det på ein ryddig måte.

Legg igjen en kommentar