Ser på bloggen til Itfag

Skjermbilde 2013-02-07 kl. 20.02.37Itfag-bloggen, http://blogg.itfag.hist.no/, er eigd av itfagavdelinga ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, og det er dei tilsette ved avdelinga for informatikk og e-læring som skriv. Dei har blogga sidan oktober 2010, og dei publiserer gjennomsnittleg seks gonger i månaden, det vil seie litt meir enn ein gong i veka. Det verker til å vere ein god oppdateringsfrekvens. Bloggen handlar naturleg nok om IKT og teknologi.

Postane er for det meste fri for overdriven bruk av fagspråk, men har ei meir allmenn tilnærming, både i tekst og innhald. Somme av bloggpostane er ganske lange, og av dei 15 postane som ligg på framsida er om lag halvparten kommenterte av brukarane. Itfag-avdelinga er flinke til å svare på kommentarane – og til å luke ut spam. Dei bruker WordPress som bloggplattform, og wordpressbrukarar kan til tider vere plaga av store mengder spam. Det ser ut til at Itfag-bloggen har eit godt og strengt spamfilter!

Å få kommentarar på bloggen er for mange ein ganske viktig suksessfaktor, og det er ikkje så underleg: Det er når bloggen skapar kommunikasjon at den går frå å vere ein einetale til å bli ein dialog, og det er gjennom dialog ein skapar relasjonar.

Ikkje uventa er det bloggposten kor ein av faglærarane spør om innspel til kva mobiltelefon han skal kjøpe seg som får flest tilbakemeldingar. Dette er eit tema mange kan meine og synest noko om, og svarinnlegga er til dels ganske lange og detaljerte. God forbrukarjournalistikk! Andre saker som blir kommenterte er også typiske saker ein kan svare på utan at ein har like mykje kunnskap om emnet som  faglærar, ein deler erfaringar – eller takkar berre for eit godt innlegg.

I tillegg til innlegget om mobil, så er det eitt innlegg om GTD og gjeremålslister som også godt kan seiast å ha kommentarar som gir hovudinnlegget meirverdi. Her kjem lesarane med sine eigne erfaringar og foreslår anna programvare enn faglæraren, og for meg som lesar gir både hovudinnlegget og kommentarane god verdi.

Bloggen er bygd opp på eit tradisjonelt og gjenkjennbart vis. Alle innlegga er daterte, og det er dei ulike bloggarane har bilde av seg i innlegga sine. Det siste synest eg personleg er veldig bra, spesielt i ein blogg kor fleire fører pennen.  Bloggpostane på framsida har ikkje Les meir-funksjon, og du må klikke deg inn i posten for å sjå kommentarane. Det er både fordeler og ulemper med å ha heile teksten på framsida, personleg likar eg det best. Blogg er eit hurtig medium og det er ikkje meininga eg skal sitje og skrolle uansett.

På denne bloggen er det likevel ein fiffig liten funksjon i høgre kolonne som heiter Meny ->. Eg var ikkje sikker på kva den innebar, men ved å trykke på den kan eg skjule og vise innlegg. Viss eg vel å skjule innlegga, så foldar alle innlegga seg inn og berre overskriftene og avatarane blir ståande att. Dermed får eg ein kjapp oversikt over alle innlegga som ligg framme. Det kan vere ein nyttig funksjon på ein blogg som har høg publiseringsfrekvens, då ser eg fort om det har kome mange nye postar sidan sist.

I tillegg til å bloggen har Itfag også eigne kontoar på Facebook og Twitter. Dei får vi sjå på ein annan gong.

 

 

 

Publisert
Kategorisert som Ymse

3 kommentarer

    1. Takk! Vi har firmablogg på jobb, det strekk seg dessverre ikkje så mykje lenger enn det. Men eg har prøvd nokre gonfger før 🙂

  1. Dette var en konsis og god vurdering av bloggen. Jeg er med deg på det at det fint å se hele blogginnleget på fremsiden, blir mye frem og tilbake hvis du må klikke deg inn på hvert innlegg. Det virker som du har satt deg godt inn i bloggen og gir et godt bilde av den.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *