Språk-profilar i templates

Les meir
Så dumt at det står slik når du eigentleg ville ha nettstaden din på norsk.

Viss du jobbar med Joomla og bruker templates frå Yootheme, Rockettheme osb, har du kanskje opplevd at sida di har ein del engelske linjer som kan vere vanskelege å få vekk. Eit typisk døme er at det vil stå Continue reading … under artikkelen din i staden for Les mer / Les meir. Og det sjølv om du har installert norske språkfiler.

Det er fordi mange av desse malane, på same måte som plugins og komponentar, kjem med eigne språkfiler. Og viss den fila ikkje finst i ditt språk, så vil malen truleg bruke engelsk som standard.

Ofte finst det ei norsk språkfil i malen, men den er som regel på bokmål, og då hjelper det ikkje viss nettstaden din bruker nynorsk.

Det du gjer er å leite opp språkfila. I mitt tilfelle i dag låg den i mappa *template-namnet*/warp/systems/language/joomla

Der fann eg ei mappe som heitte nb-NO og inni der låg fila nb-NO.tpl_warp.ini. Eg kopierte desse filene og gav dei nytt namn: nn-NO og nn-NO.tpl_warp.ini (nb-NO = norsk bokmål, nn-NO = norsk nynorsk). Så opna eg fila nn-NO.tpl_warp.ini i ein editor og omsette språkstrengene til nynorsk. Denne mappa lasta eg opp i same sti: *template-namnet*/warp/systems/language/joomla – og vips så vart Continue reading … til Les meir …

Legg igjen en kommentar