Vekk med irriterande linjeskift

Har du prøvd å kopiere tekst ut av ein pdf for å bruke i word eller liknande? Og så opplever du at dette skjer:

Tvungent linjeskift kan vere irriterande

Linjeskifta frå pdf-en blir med over i dokumentet ditt, og du må jobbe med delete og backspace for å tette linjene og få det til å sjå normalt ut. Men no har eg funne denne vesle maniken som opphever line-breaks i teksten du limer inn. Den kan også oppheve pargraph. Kjekk sak!

Det blir fort berre ein tjukk tekst av det, så ein må formattere ein del sjølv etterpå. Men er dokumentet elles godt formatert, skal det ikkje vere store jobben

Det finst gjerne andre, vel så gode tenster – sei frå viss du veit om nokre!

Legg igjen en kommentar