Dette er Google+
- Detaljer
- Publisert tysdag, 12. juli 2011 10:18
- Skrevet av Toyni Tobekk
- Treff: 951
Google driv i desse dagar og testar ut den nye kanalen Google+. Pågangen etter opninga i slutten av juni var så stor at Google førebels har vald å stenge for fleire brukarar. Ved tilfeldige høve opnar dei døra litt på gløtt for at eksisterande brukarar kan invitere nye, men per i dag er døra stengt att. I alle fall nett no. Det gjeld å henge på og følgje med viss ein skal sikre seg plass i det som mange omtalar som det «nye Facebook».
Eg fekk kome meg inn på søndag, takka vere ein kjenning i dørgløtten. Akkurat korleis vi skal bruke dette verktøyet, veit eg ikkje heilt sikkert enno. Men det kan – og eg understreker kan – sjå ut til at dette er eit verktøy som rekk lenger enn Facebook. Medan Facebook meir og meir blir ein personleg, privat arena for oss, ser det ut til at Google+ kan strekkje seg lenger ut i den jobbrelaterte sfæren. Ein utvida Twitter-konto, kanskje, kor du kan følgje folk du ikkje kjenner og få meir ut av å følgje dei enn dei 140 teikna til Twitter tillet.
Google+ minner på mange måter om Facebook, med straum av meldingar, profilar, bilde etc. Det som skil Google+ frå Facebook, er måten du kan organisere folk på. Alle du legg til på Google+ er med i krinsen din, og desse kan du leggje til i tematiske sirklar – Circles – som familie, vener, arbeidsplassen din, folk med same interessefelt eller arbeidsormåde som deg, osb. Du kan ha videooverførigar – Hangouts – med andre på Google+ og du kan sjølvsagt dele nyhende og informasjon gjennom Sparks. Bruker du bilde-tenesta Picasa, får du truleg utnytta den her også. Eg har sant å seie ikkje prøvd.
Som andre har påpeikt så bruker ikkje Google termen «social network» når dei skildrar Google+. Altså ser dei sjølve truleg dette som noko meir enn nok eit sosialt medium. Den som lever får sjå. Det er i alle fall rimeleg å tru at Google har gjort heimeleksa si og laga eit produkt som treff rett målgruppe og i rett tid, denne gongen. Google Wave havarerte som kjend etter alt for kort tid, ikkje fordi produktet var så dårleg, men fordi tidspunktet ikkje var heilt rett for oss då.
Så blir det spennande å sjå om vi får eit nytt liv med Google+. Vil du legge meg til i krinsen din, så gjer gjerne det: http://gplus.to/toyni
Treng du invitasjon, skal eg prøve. Samtidig vil eg tilrå denne bloggposten om kvifor Google+ ikkje er som Facebook.
Gift og skilt på Facebook
- Detaljer
- Publisert måndag, 04. juli 2011 12:20
- Skrevet av Toyni Tobekk
- Treff: 783
Ein kan like det eller mislike det alt ein berre gidd: Mange av dei som har kasta seg over Facebook dei siste åra lever no meir eller mindre heile livet sitt på den arenaen. Og dei som ikkje finst på Facebook får ikkje med seg dein tøddel av det som skjer.
Eg er meir oppdatert på kven som er gravide, kven som får barn og kven som giftar seg no enn eg var før eg byrja bruke Facebook. Eg er berre sånn måteleg nysgjerrig på kva naboane gjer i ektesengene sine og kva resultatet blir av aktiviteten, men eg får det med meg! Ikkje berre får vi med oss det som blir sagt på Facebook, vi tolkar sjølvsagt undertekstar, bilde og kommentarar slik vi vil og klarar ut frå kven som har kommentert kor også å oppdage enno ubekrefta relasjonar. Sagt litt plumpt: Viss vi mistenker at du har eit forhold til einkvan vil vi garantert tolke ein kvar kommentar du har hjå vedkommande - ja faktisk det at du i det heile tatt kommenterer - som eit signal om at vi har rett. Du bør ikkje "like" i hytt og pine viss du vil halde privatlivet ditt for deg sjølv.
Og der kjem ein vel til ein av dei største manglane ved Facebook: den totale mangelen på privatliv. Har du sagt det og gjort det på Facebook, så er det offisielt og ikkje til å ta tilbake. Det legg eit stort ansvar over på deg og meg, vi må passe på kva vi seier om oss sjølve og enno meir om andre, og vi må halde tunga beint i munnen og vinglaset på god avstand for å kunne ha i det minste eit minimum av kontroll. Klarer vi det, så er alikevel Facebook ein hygeleg og sosial arena for barnefødslar og giftermål.
Bryr du deg ikkje om å vere på Facebook, men vil likevel følgje med på det som skjer i bygda - så er det vel berre å gå på kaffibesøk til einkvan som har ein konto og spørje i veg. Kva skjer med deg i livet ditt for tida?
iPad med tastatur
- Detaljer
- Publisert onsdag, 20. april 2011 10:30
- Skrevet av Toyni Tobekk
- Treff: 479
Har skaffa meg tastatur til iPad. Så langt ser det moro ut. Det utvider i alle fall bruksområdet til lesebrettet, slik at det nå også er et ganske bra skrivebrett. Skulle gjerne hatt mulighet til å overføre bilder fra Nikon-kamera til iPad osgå. Det finnes kanskje?
Kvar dag? Verkeleg?
- Detaljer
- Publisert onsdag, 02. mars 2011 11:07
- Skrevet av Toyni Tobekk
- Treff: 420
Eg er truleg verdsmeister i påbegynte bloggar som aldri kom over to postar. Eg har starta eit hav, men aldri fulgt nokon opp. Det skal eg slutte med - og klapp på skuldra til meg sjølv for det.
Når det er sagt, så kjenner eg at eg trur stadig mindre på at du må snakke og snakke heile tida for å bli høyrd. Altså blogge og blogge, dag etter dag, for at folk skal finne vegen innom bloggen din. Mi erfaring er ikkje at det er dei som snakkar mest eg høyrer mest på, men dei som har noko å seie. Fremsikt.no er etter mi meining eit døme på ein som ikkje bruker mykje tid på å fylle bloggen sin med postar, men som likevel leverer varer som har lang levetid og som er verdt å få med seg. Eg fartar ikkje innom der kvar dag, og eg ser han sjeldan på Twitter, men eg registrerer ofte når han har skrive noko nytt - fordi eg veit at det han skriv er noko eg vil lese. Bloggpostane hans er av høg verdi for meg.
Somme bloggar, som t.d. Virrvarr sin (ho har nyleg avslutta, og oppretta ein ny) les eg ikkje kronologisk. Men dumpar stadig borti bloggpostane hennar fordi ho ofte skriv om ting eg er oppteken av og som kjem opp når eg søker i Google. Har eg først havna i bloggen hennar, er det lett å bli verande. Ho skriv om ting som interesserer meg og som ofte har ei levetid utover dagen i dag. Det er bra.
Ein pussig blogg eg har hatt eit av-og-på forhold til er Girls Are Pretty. Det er ein amerikansk komikar som sit og finn opp ulike dagar han byggjer historier rundt. Merkelege greier, ofte morosamt. Ikkje alltid dagsaktuelt, og det er heller ikkje naudsynt. Eg likar å følgje Girls Are Pretty, det gir meg noko av verdi.
Eg meiner ikkje at ein skal drive å lage to-postars-bloggar ein aldri følgjer opp. Og det er litt stusseleg når folk bloggar ein gong i året, ein kan jo spørje seg om det er like greitt å la vere og heller skrive ein mail og sende til vener og kjende den gongen i året ein ikkje vil brenne inne med eitkvart.
Men eg har tru på å senke skuldrene. Bloggen din er ikkje daud om du ikkje fekk skrive noko denne veka. Kanskje vil du miste ein del følgjarar som er vane med å høyre frå deg kvar dag, viss du plutseleg ikkje gir lyd frå deg på lange tider. Men livet, ryktet ditt og relasjonane dine er vel ikkje avhengige av at du bloggar dagleg heller? Og like fort som du forsvann er du plutseleg tilbake att.
Migrert ferdig
- Detaljer
- Publisert søndag, 13. februar 2011 12:31
- Skrevet av Toyni Tobekk
- Treff: 582

Då var det gjort - eg har overført nettstaden min frå Joomla 1.5 til Joomla 1.6. Den gamle nettstaden ligg her: http://toyni.tobekk.no/gammel/
