fbpx

Child-theme

For dei av oss som ofte bruker ferdiglaga tema i WordPress, så er det to-tre måtar å redigera temaet på slik at me får det slik me vil.

Rediger tekst
Enkel redigering av fargar og stil kan du som regel gjera rett i WordPress.

Mange tema kjem i dag med ei mengde val du kan ta rett i temaet. Du går til Utseende – Tilpass, og litt avhengig av kva tema du bruker, kan du velja eigne fargar, eigen logo, eigen font osv. Dette er endringar som ikkje vil forsvinna sjølv om temaet, eller bunaden, blir oppdatert.

Utseende - tilpass er vegen å gå.
Under Tilpass og redigering har du høve å gjera endringar, men hugs at noko av dette kan forsvinna viss temaet ditt blir oppdatert.

Større og meir grunnleggjande endringar i layout (ikkje struktur!) skal gjerast i css-fila. Dei innebygde stilane finn du i fila style.css, men OBS – denne vil du verkeleg ikkje redigera i. Alt du gjer her kan/vil forsvinna når tema ein gong blit oppdatert. Mange tema kjem med ei tilleggsfil som du finn under Utseende – Redigering. Den vil typisk heite custom.css. Der kan du leggja inn eigne stilar viss du vil.

Det som kanskje mest er å anbefala er å laga eit child-theme. Altså ein avleggjar til eit ferdig tema. Det ligg ein rimeleg god og grei forklaring på korleis du gjer det hjå WordPress.org. Poenget her er at nettstaden hentar inn alle stilane frå hovudtemaet ditt, men bruker endringane du legg inn i child-theme. Og det er child-theme som må vera det valde temaet du bruker. Desse endringane vil ikkje bli overskrive når hovudtemaet blir oppdatert, og du slepp å tukla med filer du kanskje ikkje får til å gjenoppretta viss du gjer noko feil.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *