Skip to the content
Menu Close
Close
  • Heim
  • Litt vin
    Show sub menu
    • Ordliste
  • Bucket-list reise
  • IG
  • LI
Litt vin, litt some
Toyni Tobekk, Hebnes vingard
  • IG
  • LI
Search Menu
Close

Litt å tenke på: Logo

Skal du investera i ein logo, og få nokon til å laga ein til deg (eller laga sjølv), så ta med deg dette tipset: Be om å få logoen i ulike format. Logoen din skal du bruka til så mykje ulikt i ulike str og format:

  • nettsida
  • annonser
  • trykksaker
  • reklamemateriell, gi-bort-saker
  • facebook og instagram
  • kjøretøy og reiskap

Og så vidare.

 

Logo i profilbilde på Facebook
Til profilbildet (t.v.) på Facebook kan det vera lurt å bruka logoen. Av profilbildet og coverbildet (det store t.h.) er det profilbildet som er viktigast. Ser du kvifor? Sjå på neste bilde.

 

Til Facebook treng du eit kvadratisk profilbilde, medan ein kvadratisk logo vil bli bitteliten viss den skal brukast ein plass der det er makshøgde som tel mest.

 

logobruk på facebook
Profilbildet (der logoen vår er) er det bildet folk ser mest av på facebook, og då må det vera lett å kjenna att. Bruker du eit liggande bilde som profilbilde, vil ein del av informasjonen forsvinna, eller så vil bildet bli så lite at det er uråd å sjå kva der står.
Logoane til Ryfylke fjordhage
Logoen vår har me nå fått i negativ, i kvitt, som me bruker på stempel, på farga flater osv.

Då me fekk laga logoen vår i 2011, så fekk me den i fleire variantar, og nå etter redesign i 2016, så fekk me også ein negativ variant. Praktisk!

Post Views: 6 112
  • Published 11. april 2017
  • Posted in Kommunikasjon og markedsføring
  • Tagged logo, strategi
Yoast og wordpress

Yoast – søkemotoroptimalisering du fikser sjølv

Retoriske plikter i dagligtale


Legg igjen en kommentar

Du må være innlogget for å kunne kommentere.

© 2025 Litt vin, litt some

Theme by Anders Norén

  • IG
  • LI