Skru tida tilbake?

Kan du tilbakedatera innlegg i WordPress? Ja, det kan du. Viss du feks skal flytta med deg gammalt innhald frå ein annan blogg, og ikkje får til å flytta med deg databasen. Då kan du flytta post for post og leggja inn med den datoen du ønskjer å ha. Ulempen med å gjera det slik er sjølvsagt at du mister treffa på kvar post, du mister kommentarar etc.

Men viss det ikkje betyr noko, og du har lite innhald, så kvifor ikkje. Det er berre å gløtta opp til høgre i redigeringsbiletet ditt og sjå der det står Publiser umiddelbart. Der kan du både stille dato tilbake og fram. Det første får det til å sjå ut som at det er lenge sidan du publiserte, det andre valet lar deg bestemma kva tid i framtida du vil ha det publisert.

Legg igjen en kommentar