Skal du investera i ein logo, og få nokon til å laga ein til deg (eller laga sjølv), så ta med deg dette tipset: Be om å få logoen i ulike format. Logoen din skal du bruka til så mykje ulikt i ulike str og format:
- nettsida
- annonser
- trykksaker
- reklamemateriell, gi-bort-saker
- facebook og instagram
- kjøretøy og reiskap
Og så vidare.
![Logo i profilbilde på Facebook](http://toyni.tobekk.no/wp-content/uploads/2017/04/logo-1024x579.png)
Til Facebook treng du eit kvadratisk profilbilde, medan ein kvadratisk logo vil bli bitteliten viss den skal brukast ein plass der det er makshøgde som tel mest.
![logobruk på facebook](http://toyni.tobekk.no/wp-content/uploads/2017/04/logobruk-1024x455.png)
![Logoane til Ryfylke fjordhage](http://toyni.tobekk.no/wp-content/uploads/2017/04/logos.png)
Då me fekk laga logoen vår i 2011, så fekk me den i fleire variantar, og nå etter redesign i 2016, så fekk me også ein negativ variant. Praktisk!