Yoast – søkemotoroptimalisering du fikser sjølv

 

Bruker du WordPress er det veldig greitt å bruke Yoast til å lage gode, søkbare nettsider. Yoast er ein gratis plugin du kan installera på nettsida di, og når du har aktivert han, så vil han leggja seg inn i alle postar og sider du du har.

Du ser den så fort du opnar ein post, eller innlegg som det også heiter, for å skriva:

yoast i praksis
Her ser du korleis Yoast har lagt seg inn under skrivevinduet ditt. Det første du må gjera er å bestemma kva som er søkeordet ditt for denne sida eller innlegget. Eg har vald yoast som søkeord, og det legg eg då inn i linja Focus keyword.

Så må du gjera dei rette tinga når du skriv tekst og legg inn bilde. Dette er:

  •  Bruke søkeordet ditt i tittel og i innleiinga på teksten. Yoast vil helst at du bruker søkeordet tidleg i tittelen, ikkje i slutten, slik eg gjorde først.
  • Skrive ein tekst på minst 300 ord, der du bruker søkeordet fleire stader. Men ikkje for mange! Uansett så vil Yoast varsla deg om du bruker det for mykje eller for lite.
  • Legge inn metadescription i det som heiter Snippet preview.
  • Legge inn relevante bilde, og sørge for at i alle fall eitt av dei har søkeordet ditt i tittelen og alt-teksten.
  • Gjerne bruke søkeordet i ei mellomoverksrift som du markerer med H2, H3 eller H4.

Som du ser så var ikkje Yoast så veldig fornøgd med meg i starten av denne teksten:

Liste over tiltak i yoast
Yoast forklarar kva du har gjort bra, og kva du må gjera betre.

Som ein liten bonus får du også ei fane som heiter «Readability», altså lesbarheit. Der er det nokre få punkt som du kan gjera for at teksten skal bli god å lesa, noko du bør unna lesarane dine av heile ditt hjarte.

Bra, seier yoast
Bra! Nå har me god lesbarheit og god optimalisering for søkeordet «yoast».

Og du – når du skal velja deg søkeord er det viktig å komma i hug: «hus» og «huset» er to ulike søkeord.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *