Facebook-inspirasjon

Utfordringa for mange av oss som vil og skal bruka sosiale medium i jobben, er å gjera det til ein like sjølvsagt del av jobben som det meste andre me gjer. Men det MÅ til. Me må bestemma:

  • KVA medium ønskjer me å bruka: Facebook, Instagram, Snapchat, Vimeo, YouTube, LinkedIn, Twitter …
  • KVA skal me bruka dei til: Informasjon, konkurransar, kundesørvis …
  • KOR ofte skal me bruka dette
  • KVEN har ansvaret: Og her er det det ofte glepp. Nokon MÅ ha ansvaret for Instagram-kontoen din, elles blir han fort neglisjert. Fleire kan dessutan DELE ansvaret for kontoane me har – det viktigaste er at me avklarar kven som gjer kva, slik at det faktisk blir gjort.
  • PLANLEGG: Er du sjølvstendig nærinsgdrivande som meg, så er det ikkje så mange å ha mandagsmøte med. Men også vi bør ha ein plan, sjølv om me har alt ansvaret aleine. For de som er fleire: Set dykk ned, ein gong i veka eller ein gong i månaden, med eit excell-ark og skriv inn kven, kva , når … Er de mange om jobben, må de også vera samde om korleis! Kundane dine må få den same behandlinga på Facebook, uavhengig av kven som er på jobb.
  • OG når planen er lagt: Ver litt leiken også, og ha det kjekt med det du gjer. Last gjerne ned min lille inspirasjons-flyer, print han ut og heng han over pulten din. (Denne har eg laga i mitt favorittprogram, Canva. Det er eg så glad i, at eg trur det må komma ein eigen post om det, ein gong.)

Facebook-liste

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *